Unike tunbustader med felles uterom og gjestehybel

Pris - 3 490 000,-

2 SOVEROM · BAD Med INNGANG TIL VASKEROM · 120 KVM

Tunbustadane ligger vakkert til i Rossneset, tilbaketrukket frå trafikk, med svært gode soltilhøve og fin utsikt. Det anbefales å ta ein tur for å sjå kor flott det er blitt her!
Litt meir informasjon om tanken bak dei unike tunbustadane:

Tunbustadane er utforma ut i frå ein tanke om å kunne ha eit sosialt fellesskap, kombinert med behovet for å trekkja seg tilbake til sin eigen private bupel. Eit stort fellesrom, til uformelle samlingar eller om man ønskjer, til feiring av f.eks merkedagar. Fasilitetar som kjøken, utekjøken og toalett, gjer det enklare å leggja til rette for sosiale samlingar.

Felles verkstad/hobbyrom til dei som ønskjer å snikra, mala, sy, eller driva med andre fritidssysler.

Tunbustadane er byggjet opp slik at bygningskroppane dannar ulike private skjerma tun. Sosiale uterom både mot søraust og mot nordvest - her man vil kunna finna ein lun plass i ly mot vinden.

Svalgangen binder dei ulike funksjonar saman, der dens openheit inn mot tuna gir ein heilt særeiga oppleving når ein rører seg rundt i anlegget. 
Desse indre tuna er og flotte områder for sosialt fellesskap eller til eigentid på ein stol under eit tre.

Uteområdet sør for fellesrom er særskilt tilrettelagt. Her har ein ved hjelp av stor skyvedør direkte adkomst frå fellesrom, kor ein på ein varm sommerdag har muligheit for å opne fellesrommet opp mot uteplassen.

Anlegget vil få ein heilt særeigen ro over seg, med nærheit og inkludering av naturen.