Utbyggjinga i Rossneset består av 135 byggjeklare tomter og 5 områder for fortetta bustadområde. Tomtane ligg vakkert til med flott sjøutsikt og gode soltilhøve. Du må gjerne ta kontakt dersom du har spørsmål eller ønskjer å reservera/ kjøpa tomt.

Me har laga eit interaktivt kart for å hjelpe deg med å utforska tomtane i Rossneset. Dette kartet skal fungera både på pcen heima, men også ute i skogen på smarttelefon eller nettbrett.

Kvar tomt er teikna inn på kartet som eit lite hus. Dette har ein fargekode for om tomten er "ledig", "reservert" eller "solgt". I tillegg kan du trykke på tegnet for å få informasjon om areal, pris og utsikten frå utvalgte tomter.